Knarvik

Gratis adgang. Påmelding til post@reservebenkenas.no

Vi sel kaffi, kaker og frukt i pausen (kr 100,. ta med kontantar)

Rett frå jobb; du kan kjøpa raspeballar, dessert i kaffe for kr 150,- hjå Hagellia Matstove tlf. 414 66 252

Arrangørar:

Reservebenken i samarbeid med Reklamehuset

 



     

 

OMDØMME

I PRIVATE OG OFFENTEGE VERKSEMDER


Korleis er omdømme vårt?

Kva kan me gjera for å halda på vårt gode omdømme?

Kven avgjer kva omdømme me skal ha?


Reservebenken sitt omdømme program:


KUNDAR OG TILSETTE


•Undersøkja korleis medarbeidarar og kundar omtalar verksemda, og korleis dei opplever tenester og produkt basert på deira røynsler med samarbeidspartnarar, kundar og leverandørar

•Me vil dra dei med i ein kreativ prosess som kan få fram nye idear og kreative innspel. Til dette er kvalitative metodar veleigna. Dei gjer det mogeleg å komma bak det som kan observerast og målast – til å forstå korleis menneskje tenkjer og kva som motiverer dei.

•Metodane er: -Fokusgrupper og gruppesamtalar  - Dybdeintervju (personleg eller nettbasert)

Me tek hand om heile undersøkingsprosessen: undersøkingsdesign, verving av informantar, gjennomføring av fokusgrupper/intervju, tolking og analyse av data og rapportering av funn i den form kunden ønskjer.

WORKSHOP

Resultata av dei kvalitative undersøkingane vert presentert for leiargruppa og dannar grunnlaget for ein workshop.Målet med workshopen er å drøfta resultatet frå undersøkingane og laga ein strategi for implementering i eigen organisasjon og i marknaden.


IMPLEMENTERING I ORGANISASJONEN

Om ønskjeleg kan me hjelpa verksemda med implementering i organisasjonen og i marknaden.

Me har og eit stort nettverk av samarbeidspartnarar som kan nyttast ved behov.


FORPROSJEKT MED LEIARGRUPPA

•Kartlegging saman med leiinga av verksemda sine utfordringar knytt til marknaden, kundar og tilsette

•Saman legg me ein strategi for å avdekka kva muligheiter som fins internt og i marknaden

•Forprosjektet vert gjennomført som ei intervjuundersøking og gjerne eit halvdagseminar med leiargruppa

•Intern undersøking er ei kartlegging av leiargruppa sine tankar og meiningar om verksemda sine utfordringar

•Undersøkinga vert gjennomført som intervju (personleg/på telefon eller via e-post), og dannar utgangspunktet for seminaret og den vidare strategien som vert vald

•Forprosjektet kan vera forarbeidet til eit identitets- eller merkevare-/utviklingsprogram eller eit nyttig forarbeid i forkant av ein fusjon