Olav Steinar Namtvedt (1947)

Sivilagronom med røynsle frå landbruksforvaltning, styrearbeid og politikk, mellom anna 16 år som ordførar i Radøy kommune.


Utdanna ved Norges Landbrukshøgskule (NLH), Ås (Cand agric), no Universitetet for miljø- og biovitenskap(UMB). NLH, Sem – pedagogisk seminar. Ei rekkje etterutdanningskurs innan m.a. adm og leiing.


Heradsagronom i Radøy (1972-81). Fylkesagronom i Hordaland (arealforvaltning) 1981-86.


Plan- og næringskonsulent i Radøy (1986-88). Avdelingssjef næringsutvikling, Fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland (1988-91).


Ordførar i Radøy  (1992-2007).


Ei rekkje ombod/styreverv/styreleiarverv både kommunalt, interkommunalt og på fylkesplanet.

Dei fleste er innan områda kultur og næring. Omfattande nettverk både innan politikk, kultur  og næring.


Kan bidra innan fylgjande områder:

•  Planlegging/prosjekt – prosedyrer – gjennomføring. Styrearbeid.

•  Søknadsskriving, skøyte, kontrakter, avtalar.

•  Etablering av lag/organisasjonar -vedtekter

•  Foredrag – kåseri: - ymse emner. Ordstyrar



Ottar Olsvold (1948)

Utdanna ved NHH. Ca 30 års leiarerfaring frå avis, forsikring reklamebyrå og konsulentselskap. Rådgjevar innan leiing, analyse og marknadsføring.


Er utdanna som føretaksøkonom frå NHH med spesialisering i marknads-

føring og tilleggsfag organisasjonsutvikling. Han har gjennomført Solstrandprogrammet for yngre leiarar i 1989.


Jobba som reklamekonsulent i Bergens Tidende under studiane ved NHH, (1971-1977). Frå 1978-1979 annonsesjef i avisa Nordlys i Tromsø, 1979-1982 seksjonssjef i Alf Gundersen Reklamebyrå med ansvar for byrået sine største kundar som Ekornes og Vesta Hygea. Jobba deretter som reklame - og PR

sjef i Vesta Hygea fram til 1983 då han var med å starta Marketing Team

som var eit rådgjevings - og reklamebyrå. Dagleg leiar og rådgjevar i byrået

fram til 2009. Då starta han eige konsulentseselskap som han har drive sidan.


Olsvold har arbeidd som rådgjevar for ulike bedrifter, både private og offentlege.


Kan bidra med fylgjane oppgåver:

•  Omdømmeprosessar

•  Marknadsstrategiar

•  Marknadsundersøkningar

•  Reklame/PR tiltak

•  Interne-/eksterne kurs og konferansar

•  Styrearbeid

Kristen Risnes (1949)

Bedriftsleiar i elektronisk installasjon- og- produksjonsbedrift. Styrearbeid i slike og andre selkap og organisasjonar. Faglærar

i drift og leiing på Bergen Tekniske Fagskole.

   

Utdanning / eksamen:

• Bergen tekniske fagskole; eksamen frå 1971; utdanning elektroteknikar

• NKS sin handelsskule med redusert fagkrets; krav for elektroinstallatør

• Elektroinstallatøreksamen i 1978

• Nelfo sine tekniske og merkantile kurs med spesialfelt:

- regelverk for el.sikkerheit

- energiøkonoimisering

- belysningsteknikk

- reguleringsteknikk

• Siemens og seinare Solar sin leiaropplæring; organisasjon og leiing.

• Instruktørkurs gjennom fagopplæringskontoret i Hordaland


Stillingar:

• Dagleg leiar Risnes Elektro frå 1974 til 2008

• Dagleg leiar Hordland Elektrotavler frå 2008

• Faglærar Bergen tekniske fagskole frå 2012

Anna: 

• Næringspoliske utval kommunalt:

- Radøy kommune si tiltaksnemnd

- Radøy næringsråd ; medverka til etablering

• Radøy sjukeheim, med somatisk og psykriatrisk avdeling ; fylkesvald styremedlem i 8 år.

• Radøy overlikningsnemd ; fylkesvald leiar i 12 år

• Meddommar i tingretten frå 1974 til dags dato.

• Medlem i fylkesnemnda for sosiale saker i 12 år.

• Styremedlem i Nordhordland reiselivslag.


• Gardbrukar frå 1979, med erfaring frå  avlsarbeid  innanfor  i Norsk sau og geit (NSG)

• Leiar i NSG region vest for saueavl (Vest-Agder, Rogaland, Hordland og Sogn og Fjordane).

• Har hovudansvar for saueavlen på Vestlandet slik den er organisert i dag.

• Medlem NSG sitt avlsråd. 

 

Interessefelt:

• Hjelpa med etterutdanning i leiing / menneskebehandling

• Motivering til etablering av eiga verksemd ”gryndartenning”

• Motivering i samband med generasjonskifte

• Praktisk gjennomføring av sikkert styrearbeid i m.a. AS

• Lovgjeving i næringslivet. Korleis fungerer våre lover, forskrifter og normer saman med EU sine direktiv.

• Internkontrollsystem ; korleis gjera den til eit nyttig verktøy for verksemda.

• Sikker kalkulasjon av produkt, varer og tenester ut frå rekneskap i etablerte - eller budsjett i nye verksemder.   


Rune Tjore (1946)

Utdanna Geofysikar. (Cand Real ved Universitetet i Bergen). Avdelingsleiar innanfor ulike private verksemder innanfor geofysikk/ geologi. Erfaring frå  prosjektarbeid innanfor rekruttering, sikkerhetsstyringssysem og kvalitetskontroll.

 

Gruppeleiar i Geophysical Company of  Norway (GECO). Dataprosessering av seismiske data for oljeindustrien. Oslo og Stavanger (1975-1980)

Geofysikar i eit amerikansk oljeselskap. (Norske Getty) Bergen (1980-83)

Geofysikar og avd.leiar i  Utforskningsavdelinga til Norsk Hydro i Bergen (1983-1986)

Som avdelingsleiar i ulike avdelingar innafor logistikk offshore Norsk Hydro.

I prosjektorganisasjonen ved bygging av fleire plattformar.Rekruttering av personell, planlegging  og etablering av logistikk og forsyningsaktivitetar.


Ulike leiarfunksjonar innanfor HMS/SMS   i Statoil/Hydro, seinare Statoil. Både land og offshore.

Arbeidt mykje med sikkerhetsstyringssystem og kvalitetskontroll.

Strålevernsansvarleg offshore,  godkjent av Statens Strålevern. (1986-2010)

Gardbrukar saman med kona frå 1981. Kjøtproduksjon med ammekyr. Saman med kona etablerte dei Tjore Gardsmat som ein del av gardsdrifta.

Lokalmatproduksjon av kjøtvarer av sau, storfe og hjort.

Sonen overtok gardsdrifta i 2012, og Tjore Gardsmat vart då organisert som AS med produksjon i same lokaler som før.

 

Aktuelle arbeidsomåde:

•  Etablera og forbedra  HMS og sikkerhetstyringssystem (SMS) for mindre verksemder

•  Risiko/ beredskapsanalyser og sårbarhetsanalysar.  Etablering av beredskapsplanar

•  Rekruttering av personell.

•  Rådgjeving innanfor Radon /strålingsrisiko.

•  Rådgjeving ved etablering av lokalmatproduksjon

Purus vitae dolor ut eu - Urna pulvinar suspendisse